Tailurd

Om

Lag og last ned ein symal som passar deg perfekt

Denne symalgeneratoren vil gje deg ei skjorte som passar deg perfekt, alltid, uavhengig av storleik og kroppsform. Du skriver inn dimensjonane dine for hofte og midje, og appen tilpassar symalen til deg.

Skriv ut heime

Symalen kan du laste ned som PDF og skrive ut med ein vanleg skriver på A4-papir.

Slik syr du eit skjørt ved hjelp av symalen din

Ein video som viser bruken steg for steg er planlagt. Her er ei steg-for-steg-oppskrift som du kan bruka før videoen kjem ut:

  1. Etter at du har lagt inn dimensjonane dine og gjort vala dine, så trykk på “Last ned”.
  2. Skriv ut den første sida av dokumentet på A4-papir.
  3. Skjekk at referanse-firkanten måler akkurat 5x5 cm.
  4. Alt bra? Då kan du skrive ut resten av dokumentet.
  5. Lim eller teip saman alle sidene til ein samanhengande mal. På den siste sida finn du kart for å sette saman alle sidene.
  6. Kutt eller klipp rundt symalen.
  7. Fest malen på stoff. Kutt eller klipp stoffet rundt malen. Gjenta så mange gonger som det står på malen. 1,5 cm sømmerom er inkludert.
  8. No er det på tid å sy. Sy alle delene saman, sy på glidelås, sy beltet og kanten.
  9. Et voilà :-)

Vidareutvikling av Patturn

Her er nokre funksjonar det blir jobba med:

  • fleire val til skjørtet,
  • fleire typar klesplagg,
  • høve til å bruka imperial-mål,
  • PDF i US-letter-format.

Kven har laga appen?

Denne appen er laga av @béatrice. Send gjerne utbetringsforslag eller vakre ord :-)